mandag 6. september 2010

Små og store ord

Endeleg lever orda mine att. Det skal bli liv på denne såkalla bloggen.
Uansett om mange eller ingen vil lesa dei rare eller fine orda som kjem i frå meg, skal det skrivast.
Det skal skrivast til eg igjen blir tomt att. Blir ein eigentleg nokon gong tom? Eller er det berre latskapen som til slutt tek over, eller alle unnskyldningane som kjem om at ein ikkje har tid.

tirsdag 16. mars 2010

Kjensler

Kjensler. Kvar kjem dei frå,og kvar dreg dei når dei ikkje lenger er hjå oss? Det er mitt spørsmål til deg.
Mitt blikk falt på deg, du var finare ein nokon gong, det var det eg tenkte meg før eg lot blikke mitt falle på deg. Eg viste at eg kom til å tenkje desse tankar, so no sit eg her og ergar meg over at blikket mitt falt på deg.
Takk til deg!

søndag 7. mars 2010

Soloprosjekt

Kom å sjå soloprosjektet mitt til helga! Lørdag klokka 19.00 eller søndag klokka 17.00 på Titan teaterskule.

onsdag 2. desember 2009

Ja. Nei. Kanskje. Puste eller ikkje puste. Vi lever.Eg drøymer. Det var natt. Du sov, men ikkje eg....

onsdag 11. november 2009

Tankar i eit hjarte

Finnast det alltid ein utveg? Eit håp?
Håpe er kanskje å sjå det er ljos i vinduet når du kjem heim. At du er trygg når du har lat att døra bak deg.
Trygg, håp, utveg? Er det skodespelar eg skal verta?

tirsdag 27. oktober 2009

Mi historie, ein tysdagskveld...

Galskapen er like fjern som den er nær no om dagen. Du trur at den ikkje er i nærleiken lenger, men plutseleg DER dukkar han opp igjen. Galskapen er ein del av min kvardag, kva slags form for galskap spør du vel då? Jau, alt endar i galskap når: Ein tenkjer eller gjer for mykje på ein gong.

I dag har eg hatt ein kjensle av at eg aldri seiar dei rette tinga, uansett kor sterkt eg måtte ynskje å seie det for ein gongs skyld riktig denne gongen. Men neida so klart slår det feil også denne gongen. Frustrasjonen stiger, ein startar å beklage både for seg sjølv og andre. Og ikkje mins klandre seg sjølv. Eg har vore flink til det i det siste, å kladre meg sjølv. Du skjønnar, det er litt av kvart ein klandre seg for, om det ikkje er nokon opnebare ting, so startar eg å grave litt lenger inn etter ting. Klandre, klandre. Eg er ikkje flink nok. Eg er ikke god nok. Eg sa ting på feil måte. Eg prøvde litt for hardt. Eg prøvde litt for lite. Eg ser ikkje bra nok ut. Eg orkar ikkje, eg klarar ikkje. Eg vil slutte. Stoppe heilt opp. Galskap! Jepp, det er nett slik røynda er. Vi skal alltid klandre oss sjølve.

Eg leser, eller eg øver på mi rolle som Emily i "Our town". Eg tenkjer: Skal eg seie det ordet slik eller sånn? Skal eg sjå dit eller gjere noko anna. Kven veit. Neste tysdag, ei veke frå i dag, skal eg syne fram den scena for klassa mi. Eg er livredd, det er ofte eg er det. Ikkje berre for å stå foran andre å ta plass og syne at eg og kan spela.
Eg er nemeleg og redd for mørket, eg har blitt meir redd i det siste. Eg får litt små panikk for å gå ute i mørket, kanskje det berre er litt sunt å vere redd på den måten. Kanskje ein, på ein eller annan måte vaknar opp. Forstår at ein er ein del av verda. Er eg ein del av verda? Betyr eg noko når alt kjem til alt? Eller er eg berre tilstades og eksisterer og vandrar rundt.
Kva er det eg ventar på? Gud? Sola? Regnet? Eller at eg ein dag skal forlate denne verda og kanskje muligens komme til himmelen? Eller kanskje eg havnar i helvete? Eller tenk om eg ikkje havnar nokon stad. At eg forsvinn, og at eg ikkje lenger er noko, er noko for nokon. Silje Beate Høgstøyl tyder ikkje lengar noko. Ho er vekke.

Eg har lyst å bli ein engel. Veit du, eg har faktisk englevingar og dei er ekte. Men flyge kan eg ikkje enda. Eg her her. Eg er tilstades. Silje heitar eg....

søndag 11. oktober 2009

Hårbørste på ville vegar...

Hausten er kommen, det er kaldt. Snart er vintaren her og eg gruar meg til å stå opp om morgenen enda meir ein kva eg alt gjerer.

Det er ikke særlege store forandringar i kvardagen. Det går for det meste i Titan. Eg er glad, eg er glad eg har funne og komme meg inn på det eg vil. Det er kjekt, hardt, myke glede og nokon tårer inn i mellom. Men tårer for vere tårer, dei skal nok ikkje stoppe meg. Eg er glad for at eg har komme meg eit steg nærmare det eg har lyst å drive med resten av livet.
Men av eg til kjem eg til å tenkje på Sonans og all lesing og eksamnar eg har hatt der. Eg tok meg sjølv faktisk i å seia at eg saknar og skulle lese og ha eksamnar. Gjer eg verkeleg det? Kan vel diskuterast litt.

Hårbørsten min har forsvunne, eg finn den ikkje! Derfor går eg rundt å ser ut som eit troll, vertfall i dag når det er søndag. Godt er det at eg held meg innan for husets fire veggar. Det er godt på med slike dagar, og litt kjedelig. Men eg trur i det store og heile at ein har godt av nokon slike dagar av og til.

Fantasien tok slutt her. Over og ut:)