tirsdag 27. oktober 2009

Mi historie, ein tysdagskveld...

Galskapen er like fjern som den er nær no om dagen. Du trur at den ikkje er i nærleiken lenger, men plutseleg DER dukkar han opp igjen. Galskapen er ein del av min kvardag, kva slags form for galskap spør du vel då? Jau, alt endar i galskap når: Ein tenkjer eller gjer for mykje på ein gong.

I dag har eg hatt ein kjensle av at eg aldri seiar dei rette tinga, uansett kor sterkt eg måtte ynskje å seie det for ein gongs skyld riktig denne gongen. Men neida so klart slår det feil også denne gongen. Frustrasjonen stiger, ein startar å beklage både for seg sjølv og andre. Og ikkje mins klandre seg sjølv. Eg har vore flink til det i det siste, å kladre meg sjølv. Du skjønnar, det er litt av kvart ein klandre seg for, om det ikkje er nokon opnebare ting, so startar eg å grave litt lenger inn etter ting. Klandre, klandre. Eg er ikkje flink nok. Eg er ikke god nok. Eg sa ting på feil måte. Eg prøvde litt for hardt. Eg prøvde litt for lite. Eg ser ikkje bra nok ut. Eg orkar ikkje, eg klarar ikkje. Eg vil slutte. Stoppe heilt opp. Galskap! Jepp, det er nett slik røynda er. Vi skal alltid klandre oss sjølve.

Eg leser, eller eg øver på mi rolle som Emily i "Our town". Eg tenkjer: Skal eg seie det ordet slik eller sånn? Skal eg sjå dit eller gjere noko anna. Kven veit. Neste tysdag, ei veke frå i dag, skal eg syne fram den scena for klassa mi. Eg er livredd, det er ofte eg er det. Ikkje berre for å stå foran andre å ta plass og syne at eg og kan spela.
Eg er nemeleg og redd for mørket, eg har blitt meir redd i det siste. Eg får litt små panikk for å gå ute i mørket, kanskje det berre er litt sunt å vere redd på den måten. Kanskje ein, på ein eller annan måte vaknar opp. Forstår at ein er ein del av verda. Er eg ein del av verda? Betyr eg noko når alt kjem til alt? Eller er eg berre tilstades og eksisterer og vandrar rundt.
Kva er det eg ventar på? Gud? Sola? Regnet? Eller at eg ein dag skal forlate denne verda og kanskje muligens komme til himmelen? Eller kanskje eg havnar i helvete? Eller tenk om eg ikkje havnar nokon stad. At eg forsvinn, og at eg ikkje lenger er noko, er noko for nokon. Silje Beate Høgstøyl tyder ikkje lengar noko. Ho er vekke.

Eg har lyst å bli ein engel. Veit du, eg har faktisk englevingar og dei er ekte. Men flyge kan eg ikkje enda. Eg her her. Eg er tilstades. Silje heitar eg....

4 kommentarer:

  1. Kjempfin tekst Silje.
    Mye tankekaos. Men en ting er sikker; du kan slappe litt mer av. En scene blir ikke pressa fram, den legger seg i kroppen. Og en scene preget av stress og usikkerhet(hvis det ikke skal være sånn) er kanskje ikke det man til syvende og sist vil vise fram, enda hvor mange ganger man har øvd. Jeg vet også at ting ikke skal være perfekte under slikt scenearbeid, jeg lærte mer av andre og mine "feil" da vi jobbet med scene. Ikke at man skal legge opp til at alt skal være feil heller....hehehe, jeg skjønner det er mye å tenke på. Men nyt den tiden du har. Det er din tid. Dette er noe du gjør kun for deg selv. ...(?)....

    Klem fra Tone

    SvarSlett
  2. Takk Tone:). Hovedproblemet e vel ikkje scena, men akt det nadre som skjer i livet. Men man overleve, so lenge man bestemme seg for det...

    SvarSlett
  3. Bra tekst Silje, hehe! Lett å klandre seg sjøl ja....Lurt å reflektere litt over ting, slik at ein kan sjå at ei sak har fleire sider, og at ikkje alt alltid er slik ein tenker seg at det må vere i sitt eige haud..hehe. Lykke til med scena di, du e bra som du e:) Håpe vi snakkast snart, og også i Himmelen:)

    SvarSlett
  4. Kjempefint innlegg, Silje!! Du skriver dritbra :D

    Men vet du hva? Du kan ta det helt med ro: Du kan, det vet hele klassen! Kos deg heller med å fremføre, da blir alt så mye lettere ;)

    Sjekk ut min blogg også da :)

    Klem :)

    SvarSlett