onsdag 2. desember 2009

Ja. Nei. Kanskje. Puste eller ikkje puste. Vi lever.Eg drøymer. Det var natt. Du sov, men ikkje eg....

onsdag 11. november 2009

Tankar i eit hjarte

Finnast det alltid ein utveg? Eit håp?
Håpe er kanskje å sjå det er ljos i vinduet når du kjem heim. At du er trygg når du har lat att døra bak deg.
Trygg, håp, utveg? Er det skodespelar eg skal verta?

tirsdag 27. oktober 2009

Mi historie, ein tysdagskveld...

Galskapen er like fjern som den er nær no om dagen. Du trur at den ikkje er i nærleiken lenger, men plutseleg DER dukkar han opp igjen. Galskapen er ein del av min kvardag, kva slags form for galskap spør du vel då? Jau, alt endar i galskap når: Ein tenkjer eller gjer for mykje på ein gong.

I dag har eg hatt ein kjensle av at eg aldri seiar dei rette tinga, uansett kor sterkt eg måtte ynskje å seie det for ein gongs skyld riktig denne gongen. Men neida so klart slår det feil også denne gongen. Frustrasjonen stiger, ein startar å beklage både for seg sjølv og andre. Og ikkje mins klandre seg sjølv. Eg har vore flink til det i det siste, å kladre meg sjølv. Du skjønnar, det er litt av kvart ein klandre seg for, om det ikkje er nokon opnebare ting, so startar eg å grave litt lenger inn etter ting. Klandre, klandre. Eg er ikkje flink nok. Eg er ikke god nok. Eg sa ting på feil måte. Eg prøvde litt for hardt. Eg prøvde litt for lite. Eg ser ikkje bra nok ut. Eg orkar ikkje, eg klarar ikkje. Eg vil slutte. Stoppe heilt opp. Galskap! Jepp, det er nett slik røynda er. Vi skal alltid klandre oss sjølve.

Eg leser, eller eg øver på mi rolle som Emily i "Our town". Eg tenkjer: Skal eg seie det ordet slik eller sånn? Skal eg sjå dit eller gjere noko anna. Kven veit. Neste tysdag, ei veke frå i dag, skal eg syne fram den scena for klassa mi. Eg er livredd, det er ofte eg er det. Ikkje berre for å stå foran andre å ta plass og syne at eg og kan spela.
Eg er nemeleg og redd for mørket, eg har blitt meir redd i det siste. Eg får litt små panikk for å gå ute i mørket, kanskje det berre er litt sunt å vere redd på den måten. Kanskje ein, på ein eller annan måte vaknar opp. Forstår at ein er ein del av verda. Er eg ein del av verda? Betyr eg noko når alt kjem til alt? Eller er eg berre tilstades og eksisterer og vandrar rundt.
Kva er det eg ventar på? Gud? Sola? Regnet? Eller at eg ein dag skal forlate denne verda og kanskje muligens komme til himmelen? Eller kanskje eg havnar i helvete? Eller tenk om eg ikkje havnar nokon stad. At eg forsvinn, og at eg ikkje lenger er noko, er noko for nokon. Silje Beate Høgstøyl tyder ikkje lengar noko. Ho er vekke.

Eg har lyst å bli ein engel. Veit du, eg har faktisk englevingar og dei er ekte. Men flyge kan eg ikkje enda. Eg her her. Eg er tilstades. Silje heitar eg....

søndag 11. oktober 2009

Hårbørste på ville vegar...

Hausten er kommen, det er kaldt. Snart er vintaren her og eg gruar meg til å stå opp om morgenen enda meir ein kva eg alt gjerer.

Det er ikke særlege store forandringar i kvardagen. Det går for det meste i Titan. Eg er glad, eg er glad eg har funne og komme meg inn på det eg vil. Det er kjekt, hardt, myke glede og nokon tårer inn i mellom. Men tårer for vere tårer, dei skal nok ikkje stoppe meg. Eg er glad for at eg har komme meg eit steg nærmare det eg har lyst å drive med resten av livet.
Men av eg til kjem eg til å tenkje på Sonans og all lesing og eksamnar eg har hatt der. Eg tok meg sjølv faktisk i å seia at eg saknar og skulle lese og ha eksamnar. Gjer eg verkeleg det? Kan vel diskuterast litt.

Hårbørsten min har forsvunne, eg finn den ikkje! Derfor går eg rundt å ser ut som eit troll, vertfall i dag når det er søndag. Godt er det at eg held meg innan for husets fire veggar. Det er godt på med slike dagar, og litt kjedelig. Men eg trur i det store og heile at ein har godt av nokon slike dagar av og til.

Fantasien tok slutt her. Over og ut:)

mandag 17. august 2009

Sommer, - Regn, smil, Roma og Titian...


Hey hey:)

Du trudde kanksje at ej aldri meir kom til å oppdatere denne bloggen, men neida, der tok du feil!
Sommerferien er ferdig om om ej veke. Da startar mitt nye liv, eit av mine mål er oppnådd og eg skal ut på ei ny ferd. Eg har nemelig iløpet av sommeren vore på audition på Titan teaterskole( Det internasjonale teater akademi Norge), eg kom meg igjenom audition og klarte å komme inn på skulen. Det var glede i heimen når nyheita kom.
Etter som det no nærmar seg og er berre seks dagar til eg startar der, her nervar stara å komme, men eg gledar meg og spenninga på den nye tilværelsa som skodespelarstudent stig for kvar dag som går!

Ellers denne sommaren her eg gjort litt forskjellig. Først flytta eg til ny hybel/leilighet på Ullevåll Hageby. Her bur eg på loftet til eit eldre ektepar. Eg kosar meg her opp:).
Etter flyttinga drog eg på Quart festivalen i Kristiansand. Det ver ei fantastisk veke, med mykje sol og god musikk, flink som eg var klarte eg få 1 og 2. grads forbrenning, pga for mykje sol og for lite solkrem.

Ellers har eg vore på vikingmerked ei helg på Gudvangen. Må opplevast!

I <3 Rome!
Yes eg har nemeleg vore i Roma. Dette var ein fantastisk stad, som eg virkelig vil tilbake til, og det skal seiast at eg verkeleg ikkje hadde lyst å reise heim att når heimreise dagen kom.
Bilete kjem ved ei seinare.

Ute regnar det ned, eit hint om at sommeren er over? Kanskje.

tirsdag 5. mai 2009

What if you...

Eksamensstress! Sliten og stressa. Stiv i nakken, trøtt og lei.
Lure på ka framtida vil bringe...


Det finnes gode folk, det finnes ikkje fullt so gode folk. Alt finnes, eg også...

tirsdag 21. april 2009

Eksamenslesing, bukseselar og venting...


Eg er treig, eg er ikkje fink til oppdatere denne bloggen. So jammen meg er det på tide no. Ein tenkjer alltid at ein skal bli flinkare til ting, men som oftast vert det ved tanken. Vertfall når det gjeld meg og oppdatering her.


Men i kveld er eg altså i skrive modus, lurer på kvar det førar meg?

Men kanskje det er på tide med litt oppdatering på korleis livet har utarta seg sidan sist. So eg skreiv om i sist innlegg var det O`store opptaket på sjølvaste teaterhøgskulen. Det har eg altso vore på, når eg var ferdig med opptaksprøva hadde eg ei kjensle om at det eigentleg gjekk bra. men eg fekk disverre vite omlag ei veke etter prøva at eg ikkje var med til andre opptaket. Litt skuffa, men også forberedt på det. So då er det berre å øve meir til neste år, og heller gripe sjansen igjen då.


Eg har derfor måtta søkje på andre ting, eg har blandt anna søkt på, psykologi, ( noko eg veit eg ikkje kjem inn på, tihi:p) journalistikk, (det eg har mest lyst til å komme inn på) jus og barnevernspedagog.


Så difor driv eg å les alt eg kan på alle eksamenar eg skal ha på sonans mellom 4 mai og 17 juni, eg skal ha sju eksamenar samanlagt, eg går for gull på alle saman slik at eg kanskje skulle vere so heldig å komme innpå joiurnalistikk!


Mellom all lesinga for eg jo også tid til litt kjekke ting, i morgon skal eg vertfall ein kjekk ting. Då kjem nemeleg Kristin og Hilde på besøk til meg på Grønland. Det blir fine greier.


Ellers har panneluggen min blitt for lang som pannelugg, so difor driver eg og lurar på om eg skal ta fram kjøkkensaksa (slik som eg gjorde sist) og klippe han litt. Men har ikkje heilt bestemd meg for ka eg vil.


I morgon skal eg ha testeksamen i 2sk, lese histore og fysikk. rydde leiligheta og ha besøk ein vanleg dag for meg i desse dagar.


Eg tykkjer også det er heidundrandes kjekt at våren og sola er her, eg blir glad i hjarte av slikt:).

Andre ting eg tykkjer er fint: At eg har så og seie full kontroll i bed.øk og eg ikkje treng å lese so veldig mykjer meir på det før ekssamen, strippete gensarar, og mannfolk med bukseselar:).


Så slik er det meg meg, og har forresten også køyrt ambulanse i det siste. Og deretter ha venta 2 timar på legevakta før eg kom inn til legen. Opplevd at andre går foran med i køa berre fordi dei klagar litt. Men joda, alle har godt av litt venting. Håper den personen som sneik seg foran meg i køa på legevakta på vente dobbelt så lenge neste gong.


Men no er det på tide å avslutte her, for no skal eg nemeleg øve på testeksamen.

Ha ein strålandes kveld.

PS: Ikkje snik i køa;).

søndag 8. februar 2009

Eg tenkte at eg hadde tenkt at tankane mine sa meg dette...

Helga er over og kvelden er kommen. Eg sit i undring på rommet mitt, i leligheita på Grønland og undrar over kva livet vil gje meg dei neste dagene.Ii morgon er det skule, eg gruar meg. Eig ikkje konsentrasjon for tida. Eg har eigentleg ikkje hatt skikkeleg konsentrasjon på veldig lenge. Håpar den kjem tilbake.

Snøven har komme som aldri før i helga. Snøv er fint, skulle berre ynskje den var her i desember i staden for no.

Eg har eigentleg ikkje noko og skrive,eg får komme sterkare tilbake ein annan dag:).

God natt!

onsdag 4. februar 2009

I det kunstneriske hjørnet

Ja, du høyrde rett. Eg er i det kunstneriske hjørnet denne veka.

Eg målar bilete, var å kjøpte målingsaker og alt det andre eg trengte for å kunne utfolde meg i ein grå kvardag i februar. So for nokre dagar sidan eg måla eit bilete. Det fekk navnet "På jakt etter den store kjærleiken".
Ellers øver eg på monolog til teaterhøgskulen, kan ca 50% av teksta utanatt no, so det går framover. Eg har og fått inspirasjon til å starte å skrive igjen, dikt og songar. Eg har ikkje hatt den inspirasjonen på vertfall eit år, men no har den plutseleg komme attende:). Det er godt, der er godt.
Du undrar kanskje på kva det er som gjev meg all denne heite inspirasjonen, hmm. Eg undrar sjølv, eg trur eg har ein stor tendens til å å få mykje inspirasjon når ikkje livet er på topp. Men da kjem jo det noko godt ut av det og, ellers er det personar og hendingar i kvardagen som gjev meg inspirasjon, pluss sikkert heilt andre ting som eg er totalt ubevisst på.
Livet er jo ei stor inspirasjonskjelde i seg sjølv.

Kva blir du inspirert av?

Bilete kjem ved eit seinare høve:)

Ha ein strålandes kveld!

lørdag 31. januar 2009

Teaterhøgskulen

Eg kan herved stadfeste at eg, Silje Beate Høgsøyl har søkt på Noregs teaterhøgskule.
Alt er sendt inn, sjølve søknaden, bilete, attestar, kva monologar eg skal ha, kvifor eg har valgt dei monologane og kvifor eg vil verte skodespelar.

So no ventar eg berre i spenning på å få brev i postkassa med dato og tidspunkt, for første opptak. Der eg skal framføre ein monolog fra "Vaginamonologene". Om eg kjem vidare til andre opptaket, skal eg ha Jeppe Klepp sin monolog fra filmen "Mannen som eksket Yngve".

Dette blir spennandes, eg skal holde deg opdatert undervegs i prossesen.
Akkurat no fortida driv eg og skal lære med den fyrste monologen. Det går framover...

Har du motivasjon?


Har du mangel på motivasjon i forhold til skulearbeid? Det har eg. Og det kan eg ikkje ha, det faktum at eg ikkje eig nokon form for motivasjon, gjere med litt små sur. Hmm, men du lurer kanskje på kva slags skule styr eg driv med, jo det skal eg fortelje deg. Eg går forsatt på Sonans og tek opp fag, denne våren skal eg ta 7 eksamenar. Eg tek faga: 2fy, nyere historie, bed.øk, 2 sk, 3sk, nord sør kunnskap, rettslære.

So eg må nok få tilbake det dei kallar for motivasjon, viss ikkje kan ej like so gjerne berre sove over eksamen, men det har eg ikkje tenkt til. Ej skal klare det, og eg skal no mine O`store mål :).



søndag 25. januar 2009

Velkommen skal du vera


Yes, dette er min nye blogg, håper den fell i smak. Les og følg med :)