søndag 8. februar 2009

Eg tenkte at eg hadde tenkt at tankane mine sa meg dette...

Helga er over og kvelden er kommen. Eg sit i undring på rommet mitt, i leligheita på Grønland og undrar over kva livet vil gje meg dei neste dagene.Ii morgon er det skule, eg gruar meg. Eig ikkje konsentrasjon for tida. Eg har eigentleg ikkje hatt skikkeleg konsentrasjon på veldig lenge. Håpar den kjem tilbake.

Snøven har komme som aldri før i helga. Snøv er fint, skulle berre ynskje den var her i desember i staden for no.

Eg har eigentleg ikkje noko og skrive,eg får komme sterkare tilbake ein annan dag:).

God natt!

onsdag 4. februar 2009

I det kunstneriske hjørnet

Ja, du høyrde rett. Eg er i det kunstneriske hjørnet denne veka.

Eg målar bilete, var å kjøpte målingsaker og alt det andre eg trengte for å kunne utfolde meg i ein grå kvardag i februar. So for nokre dagar sidan eg måla eit bilete. Det fekk navnet "På jakt etter den store kjærleiken".
Ellers øver eg på monolog til teaterhøgskulen, kan ca 50% av teksta utanatt no, so det går framover. Eg har og fått inspirasjon til å starte å skrive igjen, dikt og songar. Eg har ikkje hatt den inspirasjonen på vertfall eit år, men no har den plutseleg komme attende:). Det er godt, der er godt.
Du undrar kanskje på kva det er som gjev meg all denne heite inspirasjonen, hmm. Eg undrar sjølv, eg trur eg har ein stor tendens til å å få mykje inspirasjon når ikkje livet er på topp. Men da kjem jo det noko godt ut av det og, ellers er det personar og hendingar i kvardagen som gjev meg inspirasjon, pluss sikkert heilt andre ting som eg er totalt ubevisst på.
Livet er jo ei stor inspirasjonskjelde i seg sjølv.

Kva blir du inspirert av?

Bilete kjem ved eit seinare høve:)

Ha ein strålandes kveld!