tirsdag 5. mai 2009

What if you...

Eksamensstress! Sliten og stressa. Stiv i nakken, trøtt og lei.
Lure på ka framtida vil bringe...


Det finnes gode folk, det finnes ikkje fullt so gode folk. Alt finnes, eg også...

tirsdag 21. april 2009

Eksamenslesing, bukseselar og venting...


Eg er treig, eg er ikkje fink til oppdatere denne bloggen. So jammen meg er det på tide no. Ein tenkjer alltid at ein skal bli flinkare til ting, men som oftast vert det ved tanken. Vertfall når det gjeld meg og oppdatering her.


Men i kveld er eg altså i skrive modus, lurer på kvar det førar meg?

Men kanskje det er på tide med litt oppdatering på korleis livet har utarta seg sidan sist. So eg skreiv om i sist innlegg var det O`store opptaket på sjølvaste teaterhøgskulen. Det har eg altso vore på, når eg var ferdig med opptaksprøva hadde eg ei kjensle om at det eigentleg gjekk bra. men eg fekk disverre vite omlag ei veke etter prøva at eg ikkje var med til andre opptaket. Litt skuffa, men også forberedt på det. So då er det berre å øve meir til neste år, og heller gripe sjansen igjen då.


Eg har derfor måtta søkje på andre ting, eg har blandt anna søkt på, psykologi, ( noko eg veit eg ikkje kjem inn på, tihi:p) journalistikk, (det eg har mest lyst til å komme inn på) jus og barnevernspedagog.


Så difor driv eg å les alt eg kan på alle eksamenar eg skal ha på sonans mellom 4 mai og 17 juni, eg skal ha sju eksamenar samanlagt, eg går for gull på alle saman slik at eg kanskje skulle vere so heldig å komme innpå joiurnalistikk!


Mellom all lesinga for eg jo også tid til litt kjekke ting, i morgon skal eg vertfall ein kjekk ting. Då kjem nemeleg Kristin og Hilde på besøk til meg på Grønland. Det blir fine greier.


Ellers har panneluggen min blitt for lang som pannelugg, so difor driver eg og lurar på om eg skal ta fram kjøkkensaksa (slik som eg gjorde sist) og klippe han litt. Men har ikkje heilt bestemd meg for ka eg vil.


I morgon skal eg ha testeksamen i 2sk, lese histore og fysikk. rydde leiligheta og ha besøk ein vanleg dag for meg i desse dagar.


Eg tykkjer også det er heidundrandes kjekt at våren og sola er her, eg blir glad i hjarte av slikt:).

Andre ting eg tykkjer er fint: At eg har så og seie full kontroll i bed.øk og eg ikkje treng å lese so veldig mykjer meir på det før ekssamen, strippete gensarar, og mannfolk med bukseselar:).


Så slik er det meg meg, og har forresten også køyrt ambulanse i det siste. Og deretter ha venta 2 timar på legevakta før eg kom inn til legen. Opplevd at andre går foran med i køa berre fordi dei klagar litt. Men joda, alle har godt av litt venting. Håper den personen som sneik seg foran meg i køa på legevakta på vente dobbelt så lenge neste gong.


Men no er det på tide å avslutte her, for no skal eg nemeleg øve på testeksamen.

Ha ein strålandes kveld.

PS: Ikkje snik i køa;).

søndag 8. februar 2009

Eg tenkte at eg hadde tenkt at tankane mine sa meg dette...

Helga er over og kvelden er kommen. Eg sit i undring på rommet mitt, i leligheita på Grønland og undrar over kva livet vil gje meg dei neste dagene.Ii morgon er det skule, eg gruar meg. Eig ikkje konsentrasjon for tida. Eg har eigentleg ikkje hatt skikkeleg konsentrasjon på veldig lenge. Håpar den kjem tilbake.

Snøven har komme som aldri før i helga. Snøv er fint, skulle berre ynskje den var her i desember i staden for no.

Eg har eigentleg ikkje noko og skrive,eg får komme sterkare tilbake ein annan dag:).

God natt!

onsdag 4. februar 2009

I det kunstneriske hjørnet

Ja, du høyrde rett. Eg er i det kunstneriske hjørnet denne veka.

Eg målar bilete, var å kjøpte målingsaker og alt det andre eg trengte for å kunne utfolde meg i ein grå kvardag i februar. So for nokre dagar sidan eg måla eit bilete. Det fekk navnet "På jakt etter den store kjærleiken".
Ellers øver eg på monolog til teaterhøgskulen, kan ca 50% av teksta utanatt no, so det går framover. Eg har og fått inspirasjon til å starte å skrive igjen, dikt og songar. Eg har ikkje hatt den inspirasjonen på vertfall eit år, men no har den plutseleg komme attende:). Det er godt, der er godt.
Du undrar kanskje på kva det er som gjev meg all denne heite inspirasjonen, hmm. Eg undrar sjølv, eg trur eg har ein stor tendens til å å få mykje inspirasjon når ikkje livet er på topp. Men da kjem jo det noko godt ut av det og, ellers er det personar og hendingar i kvardagen som gjev meg inspirasjon, pluss sikkert heilt andre ting som eg er totalt ubevisst på.
Livet er jo ei stor inspirasjonskjelde i seg sjølv.

Kva blir du inspirert av?

Bilete kjem ved eit seinare høve:)

Ha ein strålandes kveld!

lørdag 31. januar 2009

Teaterhøgskulen

Eg kan herved stadfeste at eg, Silje Beate Høgsøyl har søkt på Noregs teaterhøgskule.
Alt er sendt inn, sjølve søknaden, bilete, attestar, kva monologar eg skal ha, kvifor eg har valgt dei monologane og kvifor eg vil verte skodespelar.

So no ventar eg berre i spenning på å få brev i postkassa med dato og tidspunkt, for første opptak. Der eg skal framføre ein monolog fra "Vaginamonologene". Om eg kjem vidare til andre opptaket, skal eg ha Jeppe Klepp sin monolog fra filmen "Mannen som eksket Yngve".

Dette blir spennandes, eg skal holde deg opdatert undervegs i prossesen.
Akkurat no fortida driv eg og skal lære med den fyrste monologen. Det går framover...

Har du motivasjon?


Har du mangel på motivasjon i forhold til skulearbeid? Det har eg. Og det kan eg ikkje ha, det faktum at eg ikkje eig nokon form for motivasjon, gjere med litt små sur. Hmm, men du lurer kanskje på kva slags skule styr eg driv med, jo det skal eg fortelje deg. Eg går forsatt på Sonans og tek opp fag, denne våren skal eg ta 7 eksamenar. Eg tek faga: 2fy, nyere historie, bed.øk, 2 sk, 3sk, nord sør kunnskap, rettslære.

So eg må nok få tilbake det dei kallar for motivasjon, viss ikkje kan ej like so gjerne berre sove over eksamen, men det har eg ikkje tenkt til. Ej skal klare det, og eg skal no mine O`store mål :).



søndag 25. januar 2009

Velkommen skal du vera


Yes, dette er min nye blogg, håper den fell i smak. Les og følg med :)